Kart i vest

Applikasjon

Kartenesten inneheld grunnkart og temakart for Hordaland fylke. Grunnkartene omfatter alle nasjonale kartserier. Temakart omfatter følgende : Kultur Karttypen kultur spring ut frå forvaltningsansvaret fylkeskommunen har for kulturminne. Gjennom fylkesplanen er det sett av midlar til gjennomgang av kulturminna i fylket. Det er svært viktig for fylkeskommunen å formidle resultata frå denne kartlegginga til planleggjarar i kommunane og til utbyggjarar. I tillegg har verktøyet verdi som kommunikasjonskanal, med ønskje om å knyte til både tekst og bilete av fornminna. I tillegg vil du finne kart der alle arkiv, bibliotek og museum har fått ein geografisk inngang med direkte lenkje til deira eiga heimeside. Kyst og havbruk Karta for kyst og havbruk er eit resultat av samarbeid med prosjektet Havbruksanalyse som har fokus på problemstillingar knytt til lokalisering av akvakulturverksemd. Det spring ut frå eit ønskje frå planleggjarar og næringsaktørar i kystsona om å få lett tilgang på kartdata. Dette kom fram mellom anna i prosjektet KYSTRÅD som tok for seg havbruk og kystsoneplanlegging. Fylkeskommunen og statlege regionale organ har vidare eit behov for å formidle oppdatert informasjon om regionale arealinteresser som eit ledd i arbeidet med innspel til kommunale planar. Askeladden Karttypen Askeladden viser innhaldet i Riksantikvaren sin base. Er du heilt avhengig av at kartet over kulturminna er oppdaterte er det denne du skal bruke. Dette skuldast at me oppdaterer denne basen online og at det er ei viss forseinking før dei same endringane er lagt inn i karttypen som heiter kultur. På den andre sida vil du finne meir detaljert informasjon om kulturminna når dei finst i karttypen kultur. Fly- og satellittfoto Karttypen viser fly- og satellittfoto frå ei sentral teneste som heiter "Norge i bilder". Du kan og sjå dei same bileta her www.norgeibilder.no. Tenesta er eit samarbeid for å få ein god forvaltning av desse store og verdifulle datasetta, og for at du skal kunne sjå dei raskt og effektivt uansett kva bandbreidde du har.

Distribusjoner

Tittel

Type

Dataeier

Åpne data

Kart

Last ned

Format

Kontaktinformasjon

Logo Hordaland fylkeskommune

Metadatakontakt:
Arne Klingsheim, arne.klingsheim@post.hfk.no – Hordaland fylkeskommune

Faglig kontakt:
arne.klingsheim@post.hfk.no – Hordaland fylkeskommune

Teknisk kontakt:
arne.klingsheim@post.hfk.no – Hordaland fylkeskommune

Distribusjon

Format:

Distribusjonstype: Webside

Restriksjoner

Bruksbegrensninger: Ingen begrensninger på bruk er oppgitt.

Tilgangsrestriksjoner: Åpne data

Andre restriksjoner: Ingen begrensninger oppgitt.

Sikkerhetsnivå: Ugradert

Hjelp

Mange forskjellige aktørar leverer kartdata til løysninga.